← Tilbake

Korleis jobbar vi?

 
Kven er vi som jobbar med Idémottaket
 
Christer Jensen
Innovasjonsrådjevar
 christer.jensen@helse-mr.no
 9945 9487
Fredrik Møller-Christensen
Seniorrådgjevar
 Fredrik.Moller-Christensen@helse-mr.no
 9160 9100


Kva gjere vi
Vi legg til rette for og koordinerer gode idear innan innovasjon og kontinuerleg forbetring.   

Arbeidsprosess
Når vi tek imot ideen din gjer vi ei første vurdering før vi igjen tek kontakt med deg for ytterlegare informasjon, eller for å sette deg i kontakt med dei rette personane som kan hjelpe deg vidare med ideen din. Dersom du ønskjer det, behandlar vi ideen din konfidensielt.
 
Er ideen din interessant for sjukehusa vil vi vidare vurdera ideen din på grunnlag av nytte, gjennomføringsevne og ressursbehov. Denne kartlegginga vil ta litt tid, men du kan sjølv helde deg oppdatert gjennom Idémottaket eller våre rådgjevarar. I denne fasen vil vi også samarbeide med tilsette og eksterne samarbeidspartar.
 
Finansiering
Vi har ikkje midlar å dele ut, men vi kan hjelpe deg å finne dei rette kjeldene til finansiering av din idé, og hjelpe deg vidare i søknadsprosessen.

Oppfinningar
Helseføretaka i Helse Midt-Norge har forvaltingsavtalar med teknologioverføringsselskap NTNU TTO. Idémottaket vil om ønskjeleg kunne sende over alle patenterbare oppfinningar for evaluering hos dei.